Help:Referanseførehandvising

From MediaWiki.org
Jump to navigation Jump to search
This page is a translated version of the page Help:Reference Previews and the translation is 100% complete.

Other languages:
Deutsch • ‎English • ‎français • ‎norsk bokmål • ‎norsk nynorsk • ‎العربية • ‎فارسی • ‎日本語
PD Merk: Når du endrar denne sida godtek du at bidraget ditt vert utgjeve som CC0. Sjå hjelpesidene for bidrag som er i det fri for meir informasjon.
PD
Example of a Reference Preview.png

Referanseførehandvising viser ei førehandvising av notar når du held markøren over eit notemerke. Denne funksjonen er del av Mediawiki-utvidinga Popups, som er brukt for referanseførehandvising. Ho er for tida ein betafunksjon på dei første wikiane.

Bakgrunn

Funksjonen for Referanseførehandvising freistar å løysa eit ønske frå det tysk-språklege nettsamfunnet si tekniske ønskeliste og er utvikla av WMDE sitt Tech team, med støtte frå WMF sitt Reading Web team. Designet til funksjonen er utvikla av WMF.

Meir informasjon finst på hovudsida til prosjektet på Meta.

Bruk

Aktiver funksjonen

Referanseførehandvisinga vil først verta tilgjengeleg som ein betafunksjon. For å bruka henne må du

Utsjånad og åtferd

Reference Previews elements.png

Omfang av den aller første versjonen av denne funksjonen:

  • Popupen vert opna når du held peikaren over eller når du klikkar på eit notemerke.
  • Det vert synt fram ei førehandvising av noten slik han vert vist nedst på sida. Innanfor førehandvisinga kan alle typar noteinnhald (tekst, bilete, tabellar, ...) visast.
  • Referanseførehandvising ser ut som Sideførehandvising. På dette viset har alle popup-vindauge same design, uansett om du held peikaren over ei sidelenkje eller eit notemerke.
  • På toppen av popup-vindauget vert referansetypen vist (meir info nedanfor).
  • For korte notar tilpassar popup-vindauget seg til ein mindre storleik. Viss storleiken til noten overstig den maksimale popup-storleiken, kan du bla for å lesa heile noten.
  • Viss du klikkar på linken "Hopp til referanse", kjem du til den faktiske noten i referanseseksjonen.
  • Lenkjer som er ein del av ein note, vert opna i ein ny arkfane.
  • Etter beta-fasen vil eit innstillingshjul ta deg til innstillingane dine for denne funksjonen.

Viser referansetype

Example of a footnote preview (status April 2019)

Dei første testane har vist at vising av typen av referanse kan hjelpa lesarar å bedømma truverdet hans raskare; t.d. har ei tidsskriftpublisering høgare truverd enn ein bloggpost.

Dette er korleis kategoriseringa verker:

  • Det er for tida fire typar referansar definert: webreferansar, journalreferansar, bokreferansar og nyheitsreferansar. I tillegg til desse er det ein generisk «standard» type som berre er kalla referanse.
  • Reint teknisk så er typen referanse definert av CSS-klassar, e.g. $citeclass for journalreferansar. Desse klassene er sett i <cite> elementet i innhaldet til ein referanse (meir info).
  • På dei fleste wikiane så kan du tilordna ei klasse til ein referanse ved å bruka malar. Til dømes viser den engelske Template:Cite-malen allereie dei respektive klassane. Klassar kan òg leggjast til for andre malar.
  • Alternativt så kan du leggja til ei klasse direkte i ein ref-tagg, t.d. <ref>.
  • Referansar utan cite-taggar og klassar (t.d. ordinære <ref> taggar) er vist som «Referanse».

JavaScript

Førehandvisinga brukar JavaScript. Viss du ikkje har aktivert JavaScript, så vil du få noverande vising: notemerke er hoppmerke og det er inga førehandvising.

Vegkart for utrullinga

  • Yes test.wikipedia.org (testwiki): 2019-02-28
  • liten beta:
    • Yes Tysk Wikipedia: 2019-04-04
    • Yes Arabisk Wikipedia: 2019-04-04
  • full beta:
    • alle Wikipediaene: tba

Lenkjer

Referanseførehandvising

Sideførehandvising

Hjelp med omsetjing

Programvaremeldingar for denne funksjonen kan omsetjast på Translatewiki.net. All hjelp vert sett pris på!